Sangen min.

Eg har skrive min eigen sang. Eller, det var vel kanskje meir ein melodi, hvis det i det heile kan kallast noko slikt..

Eg satt og rota/rydda i nokre ark her ein dag, då eg fant eit ark eg hadde hatt med meg heim fra ein Julejam på treskeværket.. Tilstanden då “melodien” melodien var skriven, var vel det vi kallar Grøft. Det som var på arket, kan vel ikkje kallast meir enn tilfeldige bokstavar som var slengt rundt på nokre linjer, men såvidt eg kan huske, gjekk eg like fullt (no pun intended) rundt på jamen for å prøve å få nokon til å spele melodien min. Eg trur faktisk eg spurte både gitaristar, bassistar, trommisar og ein kar som sprang rundt med eit munnspel. Og man trenger vel ikkje å være Sherlock Holmes for å skjønne at det ikkje var nokon som ville spele den.

Men uansett, her eg skal gi eit utdrag frå første vers.

Rock n’ Roll Fiskeboll!11!!11

A moll — B — A — B

B — G — G — G — C

Gitarsolo

Gitarsolo

Gitarsolo

The end.

Eg meinar, hallo. Greit nok at det kanskje er krevjande å spele mange gitarsoloar på rad (ihvertfall med bass, trommer eller munnspel), men tenk så fett.

Om du tar utfordringa og vil spele denne på årets jam, værsågod, no har du tid til å øve.

Legg att eit svar