Eg måtte grave fram ein blog eg skreiv i 2006.
Det var ein gong for ikkje så lenge sidan, at eg skulle på fylla.
Det var påskeafta, og kompisane som spelte i band skulle ha konsert. Bandet heitte Jewels of Glory, og spelte god gammaldags rock n’ roll. Konserten var knall, og konsumet var ..godt over tollkvota til ein busslast med turistar. Grøftefyll er vel eitt av kallenavna vi har på det, her omkring.
Etter konserten satt eg meg og prata med nokre vener og veninner, då ein eldre herremann (over 40) kom og satt seg ved sidan av meg, og introduserte seg sjølv. Kva han heitte, fekk eg ikkje med meg i farten, for eg huskar som regel berre mitt eige navn når eg hilser på folk.
Han spurte så kva eg drieiv med, og om det var “her det skjer?”, altså om det var noko liv her. Det var det sikkert. Etter kvart forstod han vel at småprat ikkje funka, så han kom til saken, som var at han hadde ei vinflaske heime, som han trengte hjelp med å kome til bunns i. (Det var ikkje hans ord, det var ein tørr vits eg kom på no.)
Eg prøvde å seie at vin ikkje var heilt mi greie, at eg er meir ein øl-person. (Den eine gangen eg drakk vin, vart eg heilt absurd dritings.) Eg lurte og litt på kva i all verden ein gammal mann ville med ei vinflaske og 1 stk dritings Kris.
Svaret trengte eg ikkje å vente lenge på. “Nei altså, det som er tingen, er at eg kunne tenke meg litt gutekos.”
Eg blei instant-edru, og lettare sjokka over den plutselige vendinga.
“Eg trur ikkje heilt det der er greia mi, altså.” Sa eg.
“Det veit du no ikkje før du har prøvd det.” Sa han, og smilte.
“Det kan vel hende, men eg er ikkje vidare interessert i å prøve det heller.” Sa eg, og hadde lyst til å søke tilflukt hos ei veninne som satt eit sete lenger borte. (uten å få med seg dette fantastiske opplegget)
“Vel, kan du holde stilt om dette her då?” Sa han, og såg alvorleg på meg, som om noko skulle kunne skje om eg fortalte det til nokon.
“Øh, ja, klart det.” Sa eg. (Og begynte å skrive blog dagen etterpå.)
Ei god veke etter dette, var eg på ein liten pilsetur ein fredag.
Til å begynne med var det berre meg og ein kamerat og ei veninne, men det kom to til jenter som eg ikkje kjente. Dei slo av ein prat, og eg hadde akkurat fortalt ho eine om det som stod rett over her, og ho satt og lo då døra plutselig svingte opp.
Gjett kven som kom inn.
Han såg seg om i lokalet, og eg merka eit blikk mot der eg satt, men han snudde seg mot trappa og gjekk opp.
Eg pusta letta ut, og håpte det var det. Men det var det jo såklart ikkje. Etter ei lita stund kom han ned igjen, og satte seg ved sia av kompisen min, og helste på han. Eg følte meg veldig ubekvem akkurat der og då, og prøvde febrilsk å holde i gang samtalen med ho jenta som satt ved sia av. Eg merka heile tida blikket fra han, men klarte å la være å snu meg, og prata vidare med jenta.
Etter ei lita stund mista han vel interessa, og sa takk for seg, og gikk.
Eg fortalte kompisen min at det der var han, og lo mens kompisen min ropte “faen i helvete, kvifor sa du ikkje ifra?”.
Nokre dagar etter dette var eg på jobb. Eg jobber på musikkbutikk.
Plutselig kom han gåande forbi butikken, og såg at eg var der. Han gikk rett forbi, og eg blei såklart ganske letta for at han ikkje kom inn. Men det skulle ikkje vare lenge. Plutselig stod han der foran disken, og såg litt brydd ut. Eg fekk 3.grads forbrenningar i kinna. (ja, eg rødma)
“Eh, hei. Du, eg lurte på.. Har du noko Elvis?” Sa han.
“Øøh, eg skal sjå..” Sa eg mens eg gikk mot “E” i alfabetet, og spurte samtidig “Er det nokon spesiell cd du er ute etter?”
“Eh, ja, eg driver og synger, og tenkte å lære meg ‘Always on my mind’.”
Det var rett og slett berre for mange sammentreff, så eg holdt på å dette i golvet, delvis av trangen til å rulle rundt i latter og delvis av angst.
Eg fant ikkje cden, men sa at den kunne bestillast.
Dette var ikkje nødvendig, han kunne jo finne teksten på nettet.
Så sa han hadet og gikk.
Eg er redd.